Konkurransen er avslutta.
I januar, februar og mars køyrer eg ein kampanje der alle som deltek får ein rabattkode på 20% og moglegheten til å vinne produkt til ein verdi av 1500 kroner. Vinnaren av konkurransen vert publisert i alle kanalar den 1. april (og nei, dette er ingen aprilsnarr, det er berre eit passande tidspunkt).
Alt du må gjere er å legge inn dine favorittprodukt frå min nettbutikk i ønskelista di! Legg til produkt slik at det tilsvarer under eller akkurat 1500 kroner. Når fristen på konkurransen går ut vert ein tilfeldig vinnar trekt og blir kontakta på e-post, så følg med. Din rabattkode på 20% blir også sendt til e-postadressa du registrerer din brukar med.
Kva produkt kan du velge å putte i ønskelista di?
Det er ingen begrensningar på kva produkt du kan putte i ønskelista di. Gåvekort på plakatar eller eit gåvekort på ein personleg illustrasjon er heller ikkje unnateke. Einaste regelen er at verdien ikkje kan overstige 1500 kroner.
Kva kan du forvente av meg?
Med ei gong du har fullført alle steg for å bli med i konkurransen får du ein e-post av meg med ein rabattkode på 20%. Alle kjøp gjort innanfor konkurransen sitt løp kan vere med i konkurransen. Altså; dersom du kjøper eit bilete eller ein plakat i løpet av konkurransetida kan dette beløpet tilbakebetalast dersom du skulle vere så heldig å vinne. Då får du til og med eit rabattert kjøp som ein del av gevinsten. Hvilket igjen gir mogleghet for fleire produkt. PS: 20% rabatten gjeld ikkje kjøp av gåvekort.
Kva forventer eg av deg?
For å vere med i trekninga må det ligge produkt i di ønskeliste. Dersom du har kjøpt bileta og dei dermed ikkje er i ønskelista di lenger, må du leggje dei inn på nytt for å vere med i trekninga. Du må heller ikkje melde deg av e-post lista i løpet av konkurranseperioden. Då får eg deg ikkje opp i systemet og du vil ikkje bli ein del av trekninga.
Mvh Egil frå Egillustrerer