NFT - Tapetskritt kolleksjonen

NFT - Tapetskritt kolleksjonen

Dei som følger meg på facebook og instagram har allereie fått med seg denne nyheten, men eg ville publisere det her og i ein egen post for å gjere det lettare å finne fram NFT'ane som eg har laga. Ein NFT, Non fungible token, er eit digitalt kunstverk. Mange har laga store samlingar av NFT'ar basert på eit hovedmotiv. Litt slik eg har gjort med desse tre bileta her:
Desse kjem etter kvart i fleire konfigurasjonar blant anna fleire forskjellige motiv, fargar og bakgrunnar. Mange kallar NFT ei døgnfluge, og slik NFT'ar eksisterer no er eg nok einig. Men nokre av dei store aktørane, blant andre Damien Hirst, bruker NFT som bevis på eigarskap av det originale biletet. Noko eg i framtida ønsker å gjere. Ein annan bra ting med NFT er kvar gong dei vert solgt går ein prosentandele tilbake til kunstnaren. Det vil sei at eit bevis av eigarskap av kunstverk, som følger det originale kunstverket vil gjere at ein alltid har tilknytning til kunstverket sitt og kunstverket vil alltid kunne generere pengar til kunstnaren! Det er ganske kult, spør du meg.

Foreløpig har eg plassert ut 3 NFT'ar på nettverken Opensea.io. Det er eit nettverk eg har hørt mykje om prosessen med å poste var enkel. Å kjøpe kunstverket er like enkelt. Det einaste du treng er ei krypto-lommebok med krypto-valuta i (i dette tilfellet Ethereum). Når du har det er det berre å koble seg opp på opensea.io og så får du mogleghet til å kjøpe kunstverket dersom det ligg åpent for salg. Hvis ikkje det ligg for salg kan du kontakte eigaren og be om å få kjøpe det! Ein enkel måte å tilegne seg kunst på. Her er mine tri:
Mvh Egil frå Egillustrerer
PS: Kjøp av NFT gir deg ein rabattkode på kjøp av ein fysisk kopi, enten originalen (om den ikkje er solgt) eller eit trykk, av NFT'en!
Tilbake til bloggen