Først vil eg bare sei tusen takk for at du viser interesse for personlige illustrasjoner og at du besøker nettbutikken min.
Eg gjer alt frå dyr- og naturillustrasjoner til brudepar- eller familiebilder. Typiske ting som kunstnarar alltid har teikna, men med min eigen vri. Eg liker fargeskarpe, destillerte, enkle, men meiningsfulle motiv. Av og til legg eg inn skjulte motiv eller symbolisme, men i all hovudsak teikner eg for deg, ikkje for meg sjølv!
Personleg har eg eit ønske om å tilby unike og autentiske produkt som ein ikkje kan finne andre plassar. Det er viktig for meg at du blir fornøgd med illustrasjonen. Eg produserer ikkje ein plakat berre for å få eit salg. Det stammer frå eit genuint ønske om at du skal få noko du verkeleg kan føle eigarskap til og henge stolt på stueveggen eller soverommet. Derfor er prosessen frå første gong du tar kontakt med meg, til ferdig bilete fullstendig open. Eg spør deg om eg er usikker på noko og du fortel meg om det er noko du vil endre i illustrasjonen.
Eg tar ikkje betalt før designet er ferdig. Omtrentlig prisforslag kan du lese om her. Og dersom du har andre spørsmål treng du ikkje nøle, men berre ta kontakt med meg med det same. Eg er tilgjengeleg på Facebook, Instagram, e-post eller i kontaktskjema. Når du startar ein samtale med meg er eg først og fremst utruleg spent på kva bilete du har i tankane så det kan vere lurt å ha det klart slik at eg raskt kan gi deg ei tilbakmelding eller dele tankar om kva som ville vore passande og så tar me det derfrå.
Håper å høyre frå deg og eg gleder meg til å teikne for deg!
Egil