PLAKATDRYSS

PLAKATDRYSS

Utan nokon særleg konkret vidare plan av Egillustrerer har eg bestemt meg for å fase ut mesteparten av produkta som er i nettbutikken no. Eg har også ein del fysiske kopiar som eg skal selge. Dette er i all hovudsak for å gi meg ein grunn og litt press til å fornye meg sjølv. Eg vil gjerne drive meir med kunst, men det er viktig for meg å ikkje stagnere med dei same teknikkane eller stå på staden kvil med dei same type motiva.

Alle motiva eg har vil fortsatt vere til salgs, men då på bestilling (hugser du eit, men veit ikkje korleis du skal forklare har eg mesteparten liggande på instagram-veggen min). Prisane på desse bileta blir også ein annan enn den dykk er vande med. Eg har brukt å sele printa mine til mellom 350 og 600 kroner. Ein pris eg har vore nøgd med. Fram til 31. mars sel eg alt i nettbutikken med opp til 50% avslag!! Fram til då skal eg jobbe med andre prosjekt som på ein eller annan måte vil bli tilgjengeleg etter 31.03. Eg skal jobbe meir med fysiske former for kunst som måleri, teikning, modellering og gjenbrukskunst.

Eg vil jobbe mindre med digital kunst, men kjem fortsatt til å lage bilete på bestilling. Prisen og retningslinjer på bestillingsbilete vil endre seg allereie 1. februar.

Eg er sjukt spent på korleis vidare drift av Egillustrerer vil bli. Eg hadde eit rekordår (utgiftsmessig og inntektsmessig for den del) i 2023, men eg har gått med eit mindre overskudd enn tidlegare og dette overskuddet skal nå brukast på lerret, akrylmåling, drift av nettbutikken og generell drift av Egillustrerer. Alt eg tener på kunsten min blir brukt til å lage meir kunst eller til å nå ut til folk.

Året 2024 blir det året Egillustrerer tar av. Vent å sjå!!

 

Kampanjen fungerer på følgande måte:

Ved å kjøpe ein eller to plakatar får du 10% rabatt.

Ved å kjøpe tre eller fire plakatar får du 20% rabatt.

Ved å kjøpe fem eller seks plakatar får du 30% rabatt.

Ved å kjøpe sju eller åtte plakatar får du 40% rabatt.

Ved å kjøpe ni eller fleire plakatar får du heile 50% rabatt!!

Rabatten blir automatisk lagt inn i kassa når du legg til nye produkt.

Tilbake til bloggen