Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Egillustrerer

Skritt blå plakattrykk

Vanlig pris
kr500.00 NOK
Vanlig pris
Salgspris
kr500.00 NOK
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
Title
Farge

Dette skrittet er spraymåla på tapet. Det er ein ode til mannekroppen og eit vidare forsøk på å fremje kroppen som noko fint, uansett form, farge og fasong. Blått skritt er tredje utkast i denne serien med spraymålte bilete. Motivet er spraymåla ved hjelp av sprayboks frå biltema og er spraya på tapet. Biletet er luksuriøst og intimt.

Tapeten er tapetprøver frå ein lokal butikk. Dette bringer gjenbruk og oppbruk inn i kunsten min. Ikkje som hovedmoment, men som biprodukt av prosessen. Tapeten er stri og tekstilaktig og held godt på målinga.

Tapet brukte å vere noko luksuriøst. Forgylte tapetar med snirklete motiv frå filmar om Kong Ludvig XIV eller bilete frå Buckingham palace kjem til minnet. Tapet blir gjerne sett på som ein enkel måte å fornye veggen på eller eit herk å få av for å gjenopprette veggen til slik han originalt var. Kanskje har du hatt born som har pilla vekk eller teikna på tapeten til di store misnøye? Eg ser for meg at eg var eit sånt born. Å måle på tapet er litt som å finne igjen det bornet i meg, men motivet i biletet fortel noko anna. For meg er kroppspositivitet og sjølvbilde viktige tema å ta opp. 

Kong Ludvig XIV var kanskje ikkje den tjukkaste, men det var ikkje uvanleg at folk i gamle dagar var større. Det viste velstand, litt slik ein tapet kunne gjere! 

Dette biletet kjem med ramme på 50 x 50 cm, passepartout og tapetprøve med spraymåling. 

Sendes med Norgespakken eller hentas i Sogndal.

NFT av denne plakaten kan du finne her.

Plakat av museumskvalitet laget på tykt og langvarig matt (ubestrøket) papir.

- Papirvekt: 200 gsm / 80 lb

- Sendes i solid emballasje som beskytter plakaten

Trykket og sendt på forespørsel. Ingen minimumsantall.