Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Jonsokbål og jonsokcruise

Jonsokbål og jonsokcruise

Vanlig pris kr400.00 NOK
Vanlig pris Salgspris kr400.00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Motivet på denne t-skjorta er basert på Nikolai Astrup sitt måleri "Jonsokbål". Nikolai Astrup ville måle mennesket i kontakt med naturen og kvarandre. I originalen kan ein skimte ein einsam person framom bålet. Han kikker ned på dei som koser seg rundt bålet. Eg har fjerna denne personen fordi eg meiner at me på sett og vis er meir tilknytt andre menneske i dagens samfunn enn me var før, men ikkje gjennom naturen. I tillegg er dei som er einsame meir usynlege enn nokon gong. Mennesket har kontakt med kvarandre gjennom teknologien som eg også har bruka for å lage dette motivet. Teknologien knytter oss saman, men gjer også at me er fjernare frå dei som er nærast. At me har moglegheiten gjer kanskje at me 

I tillegg har eg (digitalt) måla inn eit cruise-skip i bakgrunnen. Cruise-skip er sikkert gøy, men når eit cruise-skip kjem inn i ein fjord og forureiner med både lys og avgass, då meiner eg det har gått for langt. (Og; ja. Eg veit at Nikolai Astrup ikkje måla ein fjord der cruise kan kome til, men poenget er fortsatt gyldig.)

Eg har lenge vore på jakt etter t-skjorter for menn som viser klassisk kunst på ein morosam og ny måte. Desse skjortene er unisex og er for alle som er interessert i kunst. Eg ynskjer å gjere kunst meir tilgjengeleg og formidling av kunst bør ikkje vere låst til museum. Ved å gå med denne t-skjorta gjer du deg sjølv til eit slags vandrande kunstverk og eg vil at du skal ha eit forhold til kunsten du har på deg og dermed kunne fortelje sjølv kva biletet betyr for deg. Kunst er individuelt.

Denne t-skjorta er produsert i premium bomull av høg kvalitet, med ein mjuk og komfortabel følelse på huden. Sidene er sydd sammen for bedre passform, og t-skjorta har en klassisk og tidløs look som passar til ei kvar anledning.

Når du bestiller denne t-skjorta, blir den laga på bestilling uten minstekvantum. Produksjonen foregår på fabrikkar rundt om i verda, og avhengig av tilgjengelighet og kapasitet hjå de ulike fabrikkene, kan t-skjorta produserast i eit anna land enn det du bestilte fra. Dette vil imidlertid ikkje påvirke prisen på frakt, men kan påvirke leveringstida. Leveringstid for t-skjorter varierer fra 7-21 dager.

Unn deg ein unik og moderne vri på klassisk kunst med denne t-skjorta fra "The Classical Tees"-serien, inspirert av fleire av Norges mest kjente kunstnarar, som Edvard Munch, Harriet Backer og Oda Krogh.


Size guide

  S M L XL 2XL 3XL
A) Length (cm) 71 74 76 79 81 85
B) Half Chest (cm) 46 51 56 61 66 71



  S M L XL 2XL 3XL
A) Length (inches) 28 29.1 29.9 31.1 31.9 33.5
B) Half Chest (inches) 18.1 20.1 22 24 26 28



Care instructions

Wash Machine wash warm (max 40C or 105F), wash garment inside out with similar colors
Tumble Dry Low
Bleach Only non-chlorine
Dry Clean Do not dry clean
Iron Do not iron
Vis alle detaljer