Oppdaterte fraktprisar i nettbutikken!

Oppdaterte fraktprisar i nettbutikken!

No har eg oppdatert fraktprisane i nettbutikken. Konseptet, som eigentlig ikkje er eit konsept, er: Tjenesten som eg bruker for å bestille trykk tar ein viss sum i frakt avhengig av kor stort varen er, kor mykje varen veg og kor det blir sendt i frå. Stort sett kjem ikkje frakten på meir enn 60 kroner for eit enkelt bilete. Når eg tidligare har tatt 99 kroner i frakt er det for å forsikre meg om at eg kan klare å dekke fraktprisen dersom det blir bestilt meir enn eit produkt!

No, dersom du berre kjøper ein plakat, som ein ofte gjer, betaler du ikkje meir enn fraktprisen som eg betalar hos min leverandør. Dersom du skal ha to bilete i forskjellige størrelsar i min nettbutikk havner du ofte over 1000 kroner uansett og då er frakten fri, slik som før. Om du er usikker på noko om di bestilling eller har andre spørsmål om frakt eller liknande, kan du sjekke her eller her
Om du ikkje finn svaret der oppmodar eg til å sende meg ein e-post på egiltve@gmail.com. Eg svarer som regel på e-post same dag!

Håper å høyre frå deg!
Mvh Egil frå Egillustrerer
Tilbake til bloggen