Oppdaterte prisar på personlege illustrasjonar!

Oppdaterte prisar på personlege illustrasjonar!

Heisann, kjære deg som titter innom fordi du er på jakt etter ei personleg gåve litt utanom det vanlege.

31. januar oppdaterte eg prisane på personlege illustrasjonar for å holde tritt med både mengde tid og arbeid eg legg inn i verka. Eg har bygd meg opp ein rimeleg god kompetanse som er noko annerledes enn andre teiknarar på markedet. Og hvis du ikkje har vore innom før så ville du kanskje fortsatt meine at "Dette var jo superbillig!", men eg har faktisk auka prisen, ikkje senka den.

Ein av grunnane til auken i pris er på grunn av programvaren som eg brukar. Eg har brukt ein halv-lovleg versjon og har gått over til å bruke den lovlege. Det kostar meg ein sum kvar månad i tillegg til at maskinvaren eg brukar begynner å bevege seg faretruande raskt mot "treng å byttast"-standard. I tillegg til programvare og maskinvare skal eg i 2024 dedikere meir tid til måleri, teikning og meir fysiske formar for kunst (som også vil bli solgt her i nettbutikken)!

Eg set utruleg stor pris på dei som har bruka meg til å illustrere minner og bilete og set veldig pris på fortsatt støtte inn i framtidig kunstnarvirke.

Mvh Egil frå Egillustrerer

Tilbake til bloggen