Siste dato for å bestille julegåver

Siste dato for å bestille julegåver

Det er den tida i året igjen då netthandel går for fullt. Mange ønsker å handle julegåver og mange tyr til netthandel for å finne den perfekte gåva. Kanskje er du ute i siste liten, eller du oppdaga Egillustrerer litt seint?! Vel, frykt ikkje. Min siste bestillingsdato i nettbutikken er 16. desember. Eg vil ikkje garantere at det kjem fram før jul, men basert på tidlegare erfaring vil ei bestilling som vert lagt inn ein torsdag, bli både printa og sendt på fredagen.

Så bestill dine julegåver hos meg heilt fram til 16. desember!

Dersom du ønsker ein personleg plakat må du vere ute litt tidlegare då eg må ha tid til å teikne plakaten først. Og hvis du fortsatt vil gi ein personleg plakat så kan du også bestille gåvekort!

Gåvekorta vert utstedt digitalt og har gyldigheit på eitt år. Du kan altså bestille julegåver hjå meg heilt fram til 24. desember hvis du verkeleg er seint ute!

Mvh Egil frå Egillustrerer

Tilbake til bloggen