Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Bleia - måleri - 1/4 håndmåla versjonar

Bleia - måleri - 1/4 håndmåla versjonar

Vanlig pris kr2,000.00 NOK
Vanlig pris Salgspris kr2,000.00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Dette er ei arbeidsskisse og ei teknikkprøve av eit større prosjekt eg held på med. Denne er nummer 1 av 4 arbeidsskisser. Neste auksjon kjem litt lenger fram i tid. Mest sannsynleg etter vinterferien. Dette av hemmelege grunnar. Meld deg på nyheitsbrevet over så får du beskjed når neste auksjon startar.

Motivet er det flotte fjellet Bleia som ligg i Lærdal kommune, men som best nytast i utsikten frå Kaupanger. Måleriet er måla i akryl på 300 gsm cotton papir, sjølve motivet er 30x40 cm, passepartout er 40x50 cm og er ramma inn med 50x70 cm ramme.

I motsetning til plakatane mine vil detta maleriet auke i verdi over tid!

Eg prøver noko nytt ved å halde auksjon på denne. Meld deg på nyheitsbrevet mitt så får du beskjed når neste auksjon starter!

Reglane er som følger:

  • Budrunden startar på 2000 kroner.
  • Du må registrere brukar for å kunne legge inn bud.
  • Kvart bud må auke med 250 kroner.
  • Det blir lagt til fem minutt i auksjonen dersom det kjem inn eit bud fem minutt før auksjonen er ferdig.
  • Om du ikkje ønsker å delta i auksjonen kan du kjøpe biletet ut for 9500 kroner.
  • På 9500 kroner blir biletet reservert den som la inn det siste budet.
Vis alle detaljer