Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Bleia - måleri - 3/4 håndmåla versjonar

Bleia - måleri - 3/4 håndmåla versjonar

Vanlig pris kr4,000.00 NOK
Vanlig pris Salgspris kr4,000.00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Dette er ei arbeidsskisse og ei teknikkprøve av eit større prosjekt eg har haldt på med. Denne er nummer 3 av 4 arbeidsskisser (1 og 2 er solgt og ligg i oversikten her). Desse arbeidskissene gjorde at eg kunne måle det store måleriet på 3x2 meter som heng i kafeen på ViteMeir på Kaupanger. Om du ikkje har sett det enda anbefaler eg å ta turen for å kikke (eller bla lenger ned på sida her for å sjå eit fotografi av måleriet).

Motivet er det flotte fjellet Bleia som ligg i Lærdal kommune, men som best nytast i utsikten frå Kaupanger. Måleriet er måla i akryl på 300 gsm cotton papir, sjølve motivet er 30x40 cm, passepartout er 40x50 cm og er ramma inn i 50x70 cm ramme.

I motsetning til plakatane mine vil detta maleriet auke i verdi over tid!

Meld deg på nyheitsbrevet mitt så får du beskjed når neste auksjon startar!

Reglane er som følger:

  • Budrunden startar på 2000 kroner.
  • Du må registrere brukar for å kunne legge inn bud - informasjonen din vert ikkje delt med andre. Offentleg budoversikt med navn og e-post vil vere synleg for andre budgivarar for å legitimere budrunden.
  • Kvart bud må auke med minst 250 kroner.
  • Det blir lagt til femten minutt ekstra dersom det kjem inn eit bud når det berre er fem minutt før auksjonen er ferdig.
  • Om du ikkje ønsker å delta i auksjonen kan du kjøpe biletet ut av auksjonen for 9500 kroner.
  • Auksjonen avsluttar om ei veke. Altså onsdag 4. mars 2024.
  • Alle som legg inn bud vil få e-post av meg for å bekrefte budet, samt få moglegheit til å dele sitt telefonnummer slik at eg kan oppdatere om eventuelle nye bud.
Vis alle detaljer