Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Bleia - måleri - 2/4 håndmåla versjonar

Bleia - måleri - 2/4 håndmåla versjonar

Vanlig pris kr4,000.00 NOK
Vanlig pris Salgspris kr4,000.00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Solgt utanfor auksjon.

Dette er ei arbeidsskisse og ei teknikkprøve av eit større prosjekt eg held på med. Denne er nummer 2 av 4 arbeidsskisser og vil bli publisert ein og ein i to veker fram til vinterferien i 2024 (startar 16. februar).

Motivet er det flotte fjellet Bleia som ligg i Lærdal kommune, men som best nytast i utsikten frå Kaupanger. Måleriet er måla i akryl på 300 gsm cotton papir, sjølve motivet er 30x40 cm, passepartout er 40x50 cm og er ramma inn i 50x70 cm ramme.

I motsetning til plakatane mine vil detta maleriet auke i verdi over tid!

Eg prøver noko nytt ved å halde auksjon på denne. Meld deg på nyheitsbrevet mitt så får du beskjed når neste auksjon starter!

Reglane er som følger:

  • Budrunden startar på 2000 kroner.
  • Du må registrere brukar for å kunne legge inn bud - informasjonen din vert ikkje delt med andre. Offentleg budoversikt med navn og e-post vil vere synleg for andre budgivarar for å legitimere budrunden.
  • Kvart bud må auke med minst 250 kroner.
  • Det blir lagt til femten minutt ekstra dersom det kjem inn eit bud når det berre er fem minutt før auksjonen er ferdig.
  • Om du ikkje ønsker å delta i auksjonen kan du kjøpe biletet ut for 9500 kroner.
  • På 9500 kroner blir biletet reservert den som la inn det siste budet.
  • Auksjonen avsluttar om ei veke. Altså onsdag 14. februar 2024.
  • Alle som legg inn bud vil få e-post av meg for å bekrefte budet, samt få moglegheit til å dele sitt telefonnummer slik at eg kan oppdatere deg om eventuelle nye bud.
Vis alle detaljer